Afrobass

Etter 15 år som ettertrakta sidemann, trer bassist Lars Martin Vik endelig fram i rampelyset med eit knippe nyskrivne låtar og eit heilt nytt band. Med prosjektet AFROBASS har Vik samla eit musikalsk stjernelag:

  • Den karismatiske ivorianeren Kouame Sereba på perkusjon og vokal
  • Ålesund sin eigen supergitarist Hedvig Mollestad
  • Den fantastiske vossingen Elisabeth Lid Trøen på saksofon og fløyte
  • Hærøyværingen og no ferske ålesundaren Vegard Holum på trompet
  • Og ikkje minst: trommelegenda og trøndertoget Kenneth Kapstad (tidlegare Motorpsycho, no med Stein Torleif Bjella og Spidergawd)

Musikken hentar inspirasjon frå soul, blues, jazz, gospel og afrobeat – og resultatet er leiken, rytmisk og uimotståeleg fengande. Dette blir ein festkveld for både kropp og sjel!

Besetning

Lars Martin Vik- bass

Kenneth Kapstad- trommer

Hedvig Mollestad- gitar

Kouambe Sereba- perkusjon, kalimba, vokal m.m

Vegard Holum, trompet, perkusjon, vokal

Elisabeth, saxofonar, fløyte og perkusjon